Førehandsomtale NM Kortbane 2013
Velkomen til NM i svømming på kortbane i Stavanger 14.-17. mars. Gjennom denne sida kan de fylgje mesterskapet tett gjennom heile langhelga.
Ved å bruke menyknappane øverst kan de lett navigere mellom livetiming, enkel resultatservice og stream direkte frå Stavanger svømmehall når stevnet er igong. I etterkant av forsøk vil de via menyen "løpsomtale" kunne lese ei oppsummering av forsøka. Når det kjem til finalar vil de også kunne lese løpsomtale frå kvart enkelt finaleløp i tillegg til oppsummering.
297 svømmerar fordelt på 40 klubbar skal gjere opp status for norsk svømming i årets første nasjonale mesterskap.
Bredda er ein viktig del av norsk svømming, men eit norsk mesterskap handlar først og fremst om toppen. Om gull og norske rekordar.
Somme av våre beste svømmerar har allerede vist fin form etter jul.
Rekorder og krav
Henriette Brekke (24) tok VM-krav på 50 meter bryst langbane for eit par veker sidan. Det kan bli spennande å sjå om Brekke, som representerar arrangørklubben SSC, har beholdt formen til dette mesterskapet.
Landslagssvømmerne Veronica Bjørlykke (19), Aalesund, og Henrik Christiansen (16), Lørenskog/Rælingen, satte begge norsk juniorrekord under International Swim Meet i Berlin, på henholdsvis 200 meter rygg og 1500 meter fri.
Alle desse vil nok markere seg sterkt i Stavanger, men dei vil ikkje vere aleine.
Generalsekretær i Norges Svømmeforbund, Bjørn Soleng, seier i "På Kanten" før stevnestart at han forventar gode ting frå våre beste svømmerar:
LES: Svømmesjefen: – Forventer at landslagssvømmerane leverer
Der snakkar han også om stoda i norsk svømming pr. no og utfordringane han ser for seg dei komande åra.
Ei trone står ledig
Bergens Svømme Clubs Lavrans Solli (21) fikk sitt internasjonale gjennombrudd under EM og VM før jul og ryggspesialisten lova i siste Norsk Svømming at han ville fortsette å jobbe med det som kan gjere han bedre.
Kanskje får vi nokre teikn på det under NM kortbane kor han utvilsomt vil vere ein del av profilane, trass i at han nok allerede har fokus på større stevner seinare i år.
Omtalen fortsetter under bildet
Mange hadde håpet på at verdensmester Aleksander Hetland skulle vere med under NM, men han er ikkje å finne på startlistene på dei individuelle øvingane i alle fall. Det gjer at brystsvømmingsøvingane er opnare enn på mange, mange år.
Kven tar opp hansken og setter seg på den ærerike norske brystsvømmingstrona?
Første test sidan OL
Det er derimot Sara Nordenstam (30). Nordenstam stod over dei internasjonale stevnene før jul, og NM kortbane blir hennar første test sidan OL i London. Ho har skifta tilbake til gamletrenar Nils Uno Davidsen, så det kan bli interessant å sjå korleis OI-svømmaren er kome i gong med det nygamle regimet.
Askers Ingvild Snildal (24) svømte heller ikkje mesterskapa før jul, ho på grunn av skade. I forkant av NM har butterfly-spesialisten slitt med sjukdom, slik at ho stod over det svenske Grand Prix ho egentlig skulle svømt førre helg. VM i Barcelona er Snildals mål denne sesongen, NM eit steg på vegen.
Snildal trenar under Flemming Skov Jenssen i Bergen, og han har fleire ess i ermet, kanskje spesielt tvillingsøstrene Johannessen (22). Både Cecilie og Monica har vist god form så langt dette året, først og fremst under eit stevne i Sveits, og dei vil nok være med på å dominere sprintøvingane på fri og butterfly utfordra av Brekke, Susann Bjørnsen (19) og Bryndis Run Hansen (19).
Ein annan som er tilbake i bassenget er Sindri Thor Jakobsson (21). Butterflysvømmaren frå Bergensvømmerne svømmer sitt første store stevne sidan NM langbane i fjor. Men i kva form er han?
Klubbkamp
Nettopp Bergensvømmerne vant klubbkampen på poeng førre sesong, men byrival Bergens Svømme Club har nok tenkt å utfordre om den tittelen. Oslo-klubben Lambertseter samt Stavanger-klubben Madla kan nok også forventast å vere med i den kampen.
I medaljekampen har BSC vært suverene de siste årene, og med tvillingsøstrene Johannessen + Lavrans Solli på startpallen vil det nok bli med ein del gullmedaljar i bagasjen nordover også denne gongen.
For funksjonshemma er Sarah Louise Rung forventa å gjere reint bord og bli den heilt store profien, men ho er ikkje handicapsvømminga i Norge åleine.
Førre helg kvalifiserte fire funksjonshemma seg til VM i Montreal. Forhåpentlig kan dei fortsette storsvømminga - her blir det tilnærma garantert norske rekordar!
Omtalen fortsetter under bildet

Fleire spørsmål
Superveteran Gard Kvale stiller også til start. Mannen med over 100 individuelle NM-gull i karriera har lagt toppsatsinga på hylla og blitt trenar på NTG, men er påmeldt i Stavanger. Kan han ta NM-gull 103?
I andre enden av skalaen har vi Norges lovande juniorgenerasjon, som etter junior-NM i november blei betegna som tidenes beste.
Kven av desse som tar steget opp er alltid eit av dei store spenningsmomenta under norske mesterskap. Markus Lie (17) og Henrik Christiansen er begge favoritter på kvar sine øvingar, men kan andre ta steget heilt opp på toppen av pallen?
Det svaret får vi i løpet av fire fartsfylte dagar i Stavanger.
PS: Dekninga under dette mesterskapet vil vere litt annleis enn tidlegare, dette fordi at Sander Englund Smørdal, som oppdaterar sidene, også skal delta i mesterskapet. Det meste, og spesielt det viktigaste, vil likevel finne sin veg til sidene.
De kan også følge mesterskapet LIVE gjennom menyknappane øverst - blant anna ved live-streaming av mesterskapet.