Trenaren som blei stevneleiar
Hovudtrenar i KSA, Hans Jacob Stoebner, må seie frå seg trenargjerninga under NM Langbane på heimebane. Den erfarne svømmetrenaren må trå til som stevneleiar.
Det legg uansett ikkje noko dempar på forventningane til svømmetrenaren i forkant av meisterskapet som blir det første i nyopna Aquarama. Han, saman med resten av svømmeklubben, gler seg.
– Vi er meir enn klar. Så langt vi kan sjå har vi kontroll på det meste vi kan ha kontroll på. Vi kan ikkje styre Murphy, så vi får håpe han og lovene sine held seg unna i helga, seier Stoebner eit par dagar før stevnestart.
Han og klubben har holdt på med arrangement i 1,5 år, frå dei først fekk vite at dei hadde fått tildelt meisterskapet.
– Det har vært ein krevande, spennande og morosam prosess for oss, konkluderar stevneleiaren.
Skryter av nye-badet, men innrømmer utfordringar
Aquarama er det nyaste tilskotet av norske 50-metersbasseng, og får elddåpen med det første norske meisterskapet frå torsdag til søndag. Som langbanebasseng vil det nok ganske ofte bli eit sommar-NM i anlegget.
For ein månad sidan blei imidlertid det første stevnet arrangert i bassenget, og Aquarama Open var ei nyttig erfaring for arrangørane, særlig logistikkmessig.
– Vi lærte mykje av det stevnet, og det vil nok gjere at NM blir bedre enn kva det ville vore utan det teststevnet i forkant, konkluderar Stoebner.
Svømmehallen vil vere open for publikum, men om værmeldingane med ekte Kristiansandsk "smeigevær" slår til, så trur stevneleiaren at besøkstala vil gå ned. Konkurransebassenget og utsvømmingsbassenget er uansett reservert for svømmarane. Ifølge Stoebner blir det problemfritt med tanke på publikum.
Han avslører også at dei jobbar opp mot dei som driftar bassenget for å gjere tilhøva best mogleg for utøvarane.
– Normalt sett er det over 30 grader i Aquarama. De går for å ha et slags tropisk klima inne. Under NM vil vi forsøke å få denne temperaturen ned, blant anna gjennom å opne vinduer. I tillegg har vi fått skrudd ned temperaturen i utsvømmingsbassenget, sjølv om vi ser at 30 grader i utgongspunktet ikkje er ideelt der heller, seier KSA-trenaren som er full av lovord om bassenget.
– Eg er ikkje heilt objektiv, men det er eit fantastisk anlegg. Alt frå publikumsområdet med 550 plasser til bassenget med 10 baner gir mykje rom. I tillegg er plasseringa heilt fantastisk.
Optimistisk som trenar
Sjølv om Stoebner overlet trenaransvaret til John Heddeland i helga gler han seg til å sjå sine eigne i aksjon i Aquarama.
Han forteller om ei rivande utvikling i ein klubb som låg nede for telling. Då KSA fekk tildelt meisterskapet var dei usikker på om dei klarte å stille ein einaste utøvar individuelt. Til mesterskapet er åtte svømmarar kvalifisert.
Ei av dei, Tirill Fredrikke Rist Jensen, er sågar medaljekandidat - både for junior og senior. Eit stafettlag som er i finaleheatet er også noko Stoebner er stolt over.
– I utgangspunktet er det utøvarane som bør sette målsettinga, men eg håpar vi kan ta med oss ein medalje eller to. I tillegg ville det vore kult om stafettlaget virkelig trøkka til og svømte seg opp frå påmeldt plassering. Uansett er det forbedringar som betyr noko for oss, og målet er å tvinge andre til å svømme fort for å slå oss, seier den erfarne svømmetrenaren som blant anna hadde ansvaret for Maj Hillesund då ho var på toppen av si karriere.
Hans Jacob Stoebner har også ei svømmekarriere bak seg, og hugsar godt det å delta på NM og har eit klart NM-minne som sin favoritt.
– Under NM langbane i Drammen i 1985 hugsar eg at eg fekk min første finale, på 200 meter fri. Det var eit stort augneblink for meg, seier mannen som i 1988 tok sølv på 100 meter fri og bronse på 200 meter fri under kortbane-NM i Bergen.