Svømmesjefen: – Forventar at landslagssvømmerane leverer på NM
Bjørn Soleng, generalsekretær i Norges Svømmeforbund, håpar NM kortbane blir stevnet der den lovande juniorgenerasjonen viser at dei er noko meir enn berre lovande.
– Det er eit lite vakuum i norsk svømming no, innrømmer Soleng før NM startar.
Før jul blei Aleksander Hetland Norges andre verdsmeister gjennom tidene då han vann 50 meter bryst under VM kortbane i Istanbul.
Han stiller ikkje på startpallen i Stavanger, noko som etterlet seg eit tomrom, spesielt etter det som skjedde på forsommaren i fjor.
Svømmesporten i landet har dermed, av to heilt forskjellige grunnar, mista sin fremste medaljesankarar i internasjonale meisterskap.
– Det gir andre ein moglegheit. Juniorane våre er betre enn nokon gong, men vi har sett før at juniorane har prestert godt i november, for så å falle litt igjennom i seniormeisterskapa. Eg håpar dei guttane markerar seg, og viser kva dei er laga av. Vi vil sjå at fleire tar steget heilt opp, seier generalsekretæren.
Internasjonalt er det ikkje uvanlig at utøverar kan vere heilt i toppen i seniorklassa allerede i 16-17-årsalderen.
Høge forhåpningar
Gjennom eit langt svømmeliv har toppsjefen i svømmeforbundet sett mange generasjonar svømmera kome og gå. Den tidlegare langdistansesvømmaren er full av lovord, som så mange andre, om dei unge gutane som utgjer eit sterkt langdistansefelt i NM, og det er ei øving han er særlig spent på.
Samanlikningsgrunnlaget med NM junior burde vere tilstades. Det arrangerast i same svømmehall.
Det er imidlertid ikkje kun dei komande svømmestjernene han er opptatt av.
– Eg forventar at landslagsvømmerane presterar bra. Det er lenge sidan sist meisterskap, og lenge til det neste, så det bør vere rom for å legge inn ein liten formtopp, seier den tidlegare trenaren i Bergensvømmerne og Speed.
Han meiner også det er på tide at dei store klubbane får uttelling for alt det gode arbeidet som gjerast nedover i systemet.
– Dei gjer mykje bra arbeid, og dermed så må ein forvente at dei får gode resultat.
Nordlendingen håpar og på fortsatt vekst for svømmesporten i nord, og at sterke miljø som det i Tromsø held fram sin gode trend.
Vil halde fram med klubbutvikling
Norges Svømmeforbund har fått mykje skryt for arbeidet som blir gjort opp mot klubbar, og for resultata dei har fått fram internasjonalt.
Soleng trur nettopp arbeidet forbundet gjer opp mot klubbane er nøkkelen til at juniornivået har løfta seg ganske kraftig. Det er også der svømmeforbundet vil holde fokuset framover. Heve kompetansenivået og levere løysingar som gjer det enklare for klubbane.
Som "Trygg i vann"-portalen som sparar klubbene for arbeid og administrasjonskonstnader. I tillegg hevast kompetansenivået blant anna gjennom klubbutvikling, dagleg leiar-samlingar og andre tiltak.
Bjørn Soleng (t.v) og president Per Rune Eknes (t.h) etter å ha signert en avtale med Myrtha Pools.
– NSF er tilretteleggar
Større sponsoravtaler har vist seg vanskelig for svømmeforbundet å få tak i. Store personlige avtaler har likevel blitt svømmera tildels, blant anna Alexander Dale Oen, Sara Nordenstam og no seinast Sarah Louise Rung.
– Vår jobb er å tilrettelegge best mogleg med dei ressursane vi har. Pengestrømmen går inn på klubbutvikling, utvikling av trenarar og så videre. Det ser vi resultater av, og vil sjå enda meir av, trur 46-åringen.
– Det er mykje spennande folk som jobber i klubbane. Det å utvikle dei er bedre bruk av ressursane for oss enn å bruke mesteparten på elitelandslaget no. Det er dei som skal stake kursen sammen med oss.
Den økte kompetansen på trenersida gir mindre innslag av tilfeldigheiter i trening og kven som blir god. Dei største klubbane leverar dei beste svømmerane, slik det skal vere. Samstundes blir svømming meir attraktivt å byrje med då kompetansen i ung alder er høgare enn i andre idrettar.
– Ein får meir komplette utøverar, som vi ser med den guttegenerasjonen vi snakkar så mykje om, poengterar fauskeværingen og fortsetter:
– NSF kan nok ikkje ta så mykje av æra for Irene Dalbys gode resultat, egentlig. Der var det tilfeldigheitene som rår. Eit stort talent, med ein bra trenar på ein stad med fasilitetane i orden, meir enn som eit resultat av høg kompetanse i mange ledd.
– Blir vanskelig å oppretthalde internasjonale resultat
Etter Alexander Dale Oen og Aleksander Hetland er det no kun Ingvild Snildal igjen av dei som jamnleg har levert medaljer, i tillegg til litt meir variable Sara Nordenstam.
– Kor ser du for deg norsk svømming om to-tre år?
– På toppidrettssida blir det vanskelig å oppretthalde resultata vi har hatt. Dei to sterkaste utøverane er jo borte. Ingvild Snildal er den einaste vi kan forvente noko av i år når det kommer til finaler og medaljer i Barcelon. Vi har heilt klart ein jobb å gjere, men talenta er jo bedre enn nokon gong. Det er likevel, som Petter Løvberg har sagt, ingen automatikk i at dei tar det neste steget.
Bjørn Soleng håpar vi får sjå konturane av utøverar som tar steget allerede under NM i helga, men det er berre eit babysteg på vegen.
Beste NM-minne
Han svarar kontant på spørsmålet om kva som er hans beste NM-minne.
I 1998 flytta Soleng frå Bergen og Bergensvømmerne, og tok over Speed i Oslo.
– Då vi slo Bergensvømmerne på 4x200 meter fri-stafetten under NM kortbane i 1999. Det var stort, konkluderar han.
Den gong var NM, som i år, i Stavanger Svømmehall.
Klarar nokon å skape eit nytt NM-minne for Soleng i år, 14 år etter? Tida vil vise.