FORHÅNDSOMTALE

LØPSOMTALE

PÅ KANTEN

LIVETIMING

RESULTATER

WEB-TV

På kanten


Suksess ligg i hovudet



Robin Dale Oen under NM Langbane i sommar. Foto: Øyvind Thorsen (lsvk.zenfolio.com)

Robin Dale Oen er engasjert av Svømmeforbundet som sparringpartner for juniorlandslagsutøvarar samt utvalgte seniorlandslagssvømmarar. Før junior-NM delar han sine tankar om talent, motivasjon og tilrettelegging for topprestasjonar.

– Eg skulle gjerne sett at det ikkje alltid var så luksuriøse forhold, seier Robin Dale Oen.

Det blir ofte sagt at gode fasilitetar er ei føresetnad for å levere gode resultat. I Bergen har nettopp det blitt dratt fram som ein vesentlig faktor etter at AdO Arena opna i haust. Med nye og betre fasilitetar ligg mykje til rette for sportslig utvikling.

Likevel meinar Robin Dale Oen at det i for stor grad blir lagt vekk på fasilitetane, og ikkje kva ein kan gjere med det ein har. I tillegg kan det bli ein motivasjonsbrems.

– Dersom du har vore på leir eller stevne og ligge på einerom med Jensen kontinentalseng så vil du aldri gå tilbake til å ligge på golvet på HIL-huset under Mjøs-svøm. Det var jo noko av det beste for oss då vi vaks opp. Ein får nokre materielle verdiar, men mistar andre viktige verdiar, seier Dale Oen.

– Sjølv når alt ligg til rette for topprestasjonar er det ikkje alle som velger å legge ned nok arbeid. Då er det nyttelaust med gode fasilitetar. Når alt tidlig kjem rekande på ei fjøl er det vanskelig å byrje å jobbe når det trengs.

Ser gode takter
Gjennom arbeidet sitt i Svømmeforbundet er det mentale faktorar han fokuserar mest på. Korleis bevare motivasjon, skape rette haldningar og å skape sjølvgåande utøvarar.

Samtalar om planer, visjonar og korleis utøvarane har det på det personlige nivået skal bidra til nettopp dette.

Norge er kome eit godt stykke på veg allereie, takka vere eit langsiktig arbeid med å skape prestasjonskultur som har pågått over fleire år. Han håpar han kan vere med å bidra til å skape ytterlegare vekst på dette området.

– Det er særs lovande det som skjer med tanke på haldningar og moral. Det er ei stor forandring og det har medført at prestasjonskulturen er på veg. Det har vore få norske svømmarar som har prestert over tid. Det er særlig gledelig å sjå at dette går framover, seier Robin Dale Oen.

– Men vi har ein lang veg å gå enno.


Ulike talent
Landslagssjef Petter Løvberg har alltid hevda at det ikkje er noko mangel på talent rundt omkring i norske basseng. Hans tidlegare landslagssvømmar er opptatt av å skilje mellom ulike typar talent.

Ein har dei nærast medfødt tekniske talenta som tar følelsen for vatnet lett og tidlig får betre resultat. Så har ein treningstalenta som både med innsats og gjennom å vere smart når toppen i ein seinare alder.

Desse skal også sjåast og takast vare på.

– Det er eit spanande og viktig tema dette med talent. For kva er eit talent? Ja, det er viktig å ha dei som er gode no, dei med treningstalentet kan bli veldig, veldig gode dei og. Det er viktig at vi ser dei, seier Robin Dale Oen som sjølv var 18 år før han deltok i sitt første NM.

Han blei norges raskaste mann i vatnet og kunne i ein alder av 33 stille opp på NM langbane i sommar og symje seg inn i ein finale – utan å ha trena nevneverdig for det.

– Eg ønsker utøvarar som er sjølvgåande, og utøvarar som er søkande og leitande etter nye måtar å forbedre seg på. Det savner eg litt i dag, den utøvaren som setter krav til trenaren, stiller han til veggs, spør og vil bruke trenaren aktivt. Ein som spør kvifor det ikkje er betre.

Gode NM-minner
Under junior-NM i Bærum får han sjølvsagt ikkje stille, men han skal vere med for å sjå på dei han jobbar med torsdag og fredag.

– Eg forventer å sjå at dei leverer resultat og at dei er profesjonelle. At dei kjem på NM og gjer det som skal til for å få gode resultat. Alt frå dei enkle tinga som inn- og utsvømming og til å gjere sitt beste når det gjeld mest. Vi veit at somme er kome godt i gang, mens andre er litt meir usikre kort, seier Dale Oen.

Junior-NM er for mange første smak av norsk toppsvømming og enda eit seg nærare topp nasjonalt nivå. Også for Robin var det starten på de som blei ei god svømmekarriere. Og det hugsar han godt.

– Det er kanskje ikkje mitt beste NM-minne, men mitt først NM var stort. Det var NM på Hamar i 98. Eg hugsar eg svømte 400 meter fri mot Johannes Nordenstam og Christopher Hansen. Eg leda heile vegen, men så svømte dei forbi meg og eg fekk fjerdeplass rett før mål. Det er sånn ein hugsar, seier Robin Dale Oen som også har eit anna kjært NM-minne.

– Eg hugsar godt mitt første NM-gull på NIH då eg slo Anders Dahl som hadde vore den store sprintaren i fleire år.








































"Sjølv når alt ligg til rette for topprestasjonar er det ikkje alle som velger å legge ned nok arbeid. Då er det nyttelaust med gode fasilitetar."














"For kva er eit talent? Ja, det er viktig å ha dei som er gode no, dei med treningstalentet kan bli veldig, veldig gode dei og."














"Det savner eg litt i dag, den utøvaren som setter krav til trenaren, stiller han til veggs, spør og vil bruke trenaren aktivt. Ein som spør kvifor det ikkje er betre."