FORHÅNDSOMTALE

LØPSOMTALE

PÅ KANTEN

LIVETIMING

RESULTATER

WEB-TV

Velkommen til NM i svømming på langbane

Midt i ein internasjonal svømmesommar av store proporsjonar kjem norgesmesterskapet på langbane, der våre beste - og dei som aspirerar til å bli det - møtast i Drammensbadet.



Forrige helg starta svømmesommaren på ein god måte for norsk svømming.

Under junior-EM i Dordrecht sikra Henrik Christiansen seg tre medaljer, med oppsiktsvekkande norske rekordar på alle tre distansane (400, 800 og 1500 meter fri). Det blei ei sølv- og to bronsemedaljar for Christiansen - tidenes medaljefangst for ein norsk svømmar i junior-EM.

I København svømte våre beste yngre svømmarar nordisk ungdomsmesterskap. Sile Mari Bjørlykke sikra Norges einaste gull i konkurransen der Norge blei nummer tre bak Danmark og Sverige.

I Drammensbadet denne helga får vi sjå alle dei mest lovande svømmarane i Norge bli komplementert av dei beste.

Dei som har vore i aksjon internasjonalt allerede, får selskap av blant andre dei som er tatt ut til EM langbane seinare i veka.

For mange er NM langbane sesongens høgdepunkt, og sesongens avslutning før ein tar seg eit par-tre veker ferie. For våre aller beste er det siste konkurransetest før neste internasjonale konkurranse - denne sommaren snakkar vi ungdoms-OL i Nanjing, EM i Berlin eller EM for funksjonshemma i Eindhoven.

Internasjonalt nivå
Det gjer jo også at det er meir ope i mange øvingar. Fleire av dei beste er i tung trening for å bu seg på best mogleg vis til ting som kjem seinare i sommar. Det er trass alt eit av landslagssjef Petter Løvbergs mantra - det handlar om å prestere internasjonalt.

Likevel - det er dei som svømmer internasjonalt som forventast å dominere NM.

Cecilie W. Johannessen og Stina Kajsa Colleou er dei EM-uttatte på jentesida. Plussar vi på ungdoms-OLs Elise Næss Olsen og Sofie Reisænen har vi ein del av dei som vil gjere seg bemerka. Monica W. Johannessen og Susann Bjørnsen er to andre navn å sjå opp for.

Lavrans Solli, Sverre Næss og Sindri Thor Jakobsson er EM-uttatte for herrar, mens Armin Porobic og Henrik Christiansen skal svømme ungdoms-OL.

Sarah Louise Rung og Ingrid Thunem kjem til å vere dei dominerande skikkelsane for funksjonshemma - i det som for dei er ei førebuing til EM i Eindhoven seinare i år.

Kjempar om kongepokalen
Som vanlig er det direkte juniorfinalar om morgonen, medan dei fungerar som kvalifisering til seniorfinalen på ettermiddagen. På grunn av den sterke juniorgenerasjonen som har prega norsk svømming dei siste åra vil det framleis vere mange juniorar som også hevdar seg i toppen på senior.

Noko av det mest spanande i år blir kampen om kongepokalen. Cecilie W. Johannessen må finne seg i å vere storfavoritt på jentesida, medan det på herresida er meir opent.

Har Lavrans Solli fått ein umiddelbar effekt av trenarbyttet? Fortsetter Sverre Næss framgongen etter comebacket? Kan Henrik Christiansen prestere på same nivå for andre helg på rad?

Eller kanskje kan ein ny junior stikke seg fram?

Beste klubb
Klubbkampen er også noko som opptar mange i svømme-Norge.

Bergensklubbene BSC og Bergensvømmerne blei best under senior-NM kortbane i mars, mens Lambertseter var tredje best.

Lambertseter vant junior-NM før jul, og er forsvarande klubbmester frå NM langbane i fjor då dei tok prisen både for junior og senior.

All start- og resultatinfo finner du ved å følge menypunkta øverst på denne sida, eller på livetiming.no.