FORHÅNDSOMTALE

LØPSOMTALE

PÅ KANTEN

LIVETIMING

RESULTATER

Løpsomtaler


Fri

Presentasjon

Øvelse 1. 400m fri, jenter 2001

Det setter ein herlig mal for resten av stevnet når fem av seks i det første heatet setter personlige rekorder, Aurora Tilleraas Ask (Sarpsborg) sågar med 17 sekunder! Det er forbedringar som lar seg høyre.

Det er naturlig at utøvarar i dei yngre årsklassene forbedrar seg mest under desse meisterskapa, og det er også naturlig at det persast meir i dei første heata enn dei som kjem seinare.

Det brydde ikkje Astrid Julie Halvorsen, Skjetten, seg nevneverdig om. Ho tok kommandoen på løpet i finaleheatet i den yngste jenteklassa, og rista etterkvart av seg Malene Rypestøl frå Karmøy som fulgte på.

Til slutt var det berre Halvorsens kamp mot klokka - og då særlig den klokka som Marte Løvberg fulgte då ho sette ÅM-rekord på øvinga i Mandal for to år tilbake.

Med ei åpning på 2.14, og jamn og god splitting siste halvdel av løpet var det til slutt ikkje noko tvil, og vi fekk ÅM-rekord allerede i den første øvinga, med 4.31,33 - 2,4 sekunder bedre enn den tidlegare.

Rypestøl tok andreplassen, foran ei sterkt avsluttande Synne Hovde Eidheim, BSLK.


Resultater


1. Astrid Julie Halvorsen
4.31,33
2. Malene Rypestøl
4.42,41
3. Synne Hovden Eidheim
4.46,89
4. Victoria Rivedal
4.50,24
5. Maren Helene Røsholm
4.51,33
6. Therese Bjelland
4.51,48
Resultatliste

Øvelse 2. 400m fri, gutter 2001

Brigt Jakob Kosiak Hallset, Varg) med ein energisk og bestemt stil i det andre heatet. Inn til 4.40,94 - ei personlig rekordforbedring 17,86 sekunder.

Ein tenkte kanskje at dette skulle vere med og gjere seg gjeldande i det siste heatet, men allerede i det neste heatet var det andre som ville være med på rekordraset. Christer Melberg (Halden) og Julius Rosmo (Lambertseter) perset begge med omtrent like mye som Hallset - og var fullstendig suverene i sitt heat med 4.34,21 og 4.35,57. Det er tider som ville vore topp tre før stevnet.

For Melbergs del holdt det også til den tredje beste tida i klassa, bak Dennis Aateigen (KSA) sin 4.30,72, og såvidt foran finaleheatets Ole Marius Rist Jensen (Lillesand) med 4.34,62.

Rekordsankaren Adam Fedorczak var det ikkje mykje å gjere med. OI-guten sette tre ÅM-rekordar under LÅMØ tidlegare i år, 400 meter fri var ikkje ein av dei. Det ville han gjere noko med.

Best frå start med ein stil basert på å ligge høgt i vatnet, kraftfulle armtak og godt undervassarbeid - og også med stamina. Med 34,30 på nest siste 50-meteren krevde det ei fartsauke på siste 50 for å slå Zsoltan Csernais rekord. Det hadde Fedorczak som avslutta på 32,78 og slo inn på 4.24,02 - halvsekundet bedre enn Csernai i 2006.

Dermed to ÅM-rekordar av to mulige så langt.



Resultater


1. Adam Fedorcsak
4.24,02
2. Dennis Aateigen
4.30,72
3. Christer Melberg
4.34,21
4. Ole Marius Rist Jensen
4.34,62
5. Julius Rosmo
4.35,57
6. Vetle Vatnem
4.39,69
Resultatliste

Øvelse 3. 400m fri, jenter 2000

Camilla Rimmereide (Ullensakersvømmerne) vant ÅM samanlagt i 2000-klassa i fjor. Ho tok det anten med ro under LÅMØ, eller så har ho hatt ei voldsom formutvikling til Årsklassemesterskapet. I det nest siste heatet svømte ho frå alt og alle og inn til ei kraftig personlig forbedring og 4.30,43. Det la press på det siste finaleheatet.

Den best oppnådde tida i denne klassa under LÅMØ tilhøyrte Emily Lane og var 4.38,20 - så det var ei stor utfordring. Etter 100 meter var finaleheatet 1,5 sekund bak Rimmereide, og avstanden berre auka.

Nærmast var imidlertid Andrea Holmboe (Lambertseter) på 4.33,79. Lenge såg det ut til å bli Lambertseter både på andre og tredje, men Jennifer Vo, eller nokon andre kunne stå i mot Maria Storsteins (Karmøy) strålande avslutning.

4.34,87 blei sluttida for Storstein som hadde desidert størst fart av alle siste 25 meterane. Hadde ho starta spurten litt før kunne ho kjempa med Holmboe, for der var det mykje krefter igjen.

Nokon ÅM-rekord blei det imidlertid ikkje denne gongen, den er så sterk som 4.17,83 og tilhøyrer Lise Sand Syversen frå 2009.


Resultater


1. Camilla Rimmereide
4.30,43
2. Andrea Holmboe
4.33,79
3. Maria Storstein
4.34,87
4. Jennifer Vo
4.36,62
5. Emily Lane
4.36,84
6. Emma Østenstad
4.37,05
Resultatliste

Øvelse 4. 400m fri, gutter 2000

Dagens desidert mest spanande finaleheat fekk vi i gutanes 14-årsklasse.

Tomoe Zenimoto Hvas (Bærumsvømmerne) var ute som ein rakett og la seg eit hestehovud foran resten av feltet tidlig, men det var langt frå over.

Ved vending halvvegs leda Hvas med ett hundredel til Aalesunds Oscar Wiik, mens også Sindre Pleym Olsen (Delfana) og Mats Erik Gotaas Bjørkbom låg innafor sekundet bak.

Etterkvart blei det klart at sigersduellen stod mellom Hvas og Pleym Olsen. Delfana-svømmaren la på litt ekstra beinspark, og med ein distinkt høgare armføring enn konkurrenten over vatn svømte han seg opp på sida av ledaren.

Bærumsvømmeren ville imidlertid ikkje gje seg utan kamp, og tente ein del på generelt bedre undervassarbeid. I tillegg har han ei killer avslutning.  Ved siste vending, 25 meter før mål, var Pleym Olsen først i veggen med beina for første gong i løpet. Begge to avslutta godt, men fjorårets samanlagtmeister best av dei to. Pleym Olsen la hovudet ned og auka frekvensen, men slo inn sju hundredelar bak Hvas som tok første stikk.

Begge to tre sekunder over Zsoltan Csernais årsklasserekord.

Bak heldt Oscar Wiik unna for ein sterk avsluttande Patrick Toth (Lambertseter) og sikra seg tredjepremien. Mikolaj Szarynski (Madla) imponerte i nest siste heat, persa med 12 sekunder og enda som nummer fem.


Resultater


1. Tomoe Zenimoto Hvas
4.17,76
2. Sindre Pleym Olsen
4.17,83
3. Oscar Wiik
4.20,25
4. Patrick Toth
4.21,60
5. Mikolaj Szarynski
4.22,47
6. Mats Erik Gotaas Bjørkbom
4.24,68
Resultatliste

Øvelse 5. 400m fri, jenter 1999

Den stod lagom til for hogg, ÅM-rekorden på 400 meter fri for jenter. Den var for det første seks sekunder svakare for jenter 15 enn jenter 14 - med same rekordholdar. For det andre svømte Marte Løvberg (Lambertseter) 4.19 på 400 meter fri då ho tok sølv under senior-NM for tre veker sidan.

Det blei tidleg klart at dette var Løvberg, som mistar rekorden for jenter 13 år tidlegare i dag, mot rekorden - og resten mot kvarandre om andreplassen.

Med jamne 32-splittar på kvar 50 meter på dei siste hundremeterane sikra ho seg ein ny ÅM-rekord i suveren stil på fine 4.17,16.

Hedda Øritsland (Bærumsvømmerne) og Aleksandra Røys Stranden (Asker) var duoen som skulle gjere opp om sølvet, og det blei tidlig klart at Røys Stranden hadde overtaket. Ho kunne dermed svømme inn til ein sølvmedalje, 12 sekunder bak Løvberg, men fire sekunder foran neste jente.

Faktisk måtte Øritsland sjå seg over skuldra for å halde unna for sterkt avsluttande Andrine Fjogstad Tobiassen (Bryne) på slutten, men det klarte Bærumsjenta utan for store problemer.


Resultater


1. Marte Løvberg
4.17,16
2. Aleksandra Røys Stranden
4.29,37
3. Hedda Øritsland
4.33,39
4. Andrine Fjogstad Tobiassen
4.34,72
5. Ariel Braathen
4.37,24
6. Oda Kristine Borgstrøm
4.37,89
Resultatliste

Øvelse 6. 400m fri, gutter 1999

Det første heatet på 400 meter fri for guttar 15 opna på 28,5 - ei opning som ifølge speaker Frank Pedersen burde tilsvare eit løpsopplegg til 4.06. Fullt så bra blei det ikkje, men Sigmund Marken Smenes (Aalesund) svømte inn til seier på flotte 4.22,10 - 13 sekunder bedre enn påmeldt tid.

Han var ikkje den einaste som vill legge press på svømmarane som kom etter han. I det nest siste heatet viste Markus Woxholt (Speed) at han har tatt store steg teknisk og utholdenheitsmessig. I eit strålande disponert løp svømte han langt foran dei resterande i heatet, godt hjelpe av ein meget god armføring og å kome tidlig på taket med ein høg alboge.

Med 4.11,69 hadde han suverent beste tid før det siste heatet, og også bedre enn nokon hadde under LÅMØ.

Fjorårsvinnar Truls Wigdel (Madla) var imidlertid ikkje i noko humør til å gjere det til ein kamp om sigeren. Han var kun ute etter noverande klubbkamerat Erik Årsland Gidskehaugs ÅM-rekord for gutar 15: 4.03,45.

Wigdel låg høt i vatnet og drog ifrå dei andre, centimeter for centimeter og meter for meter. Han opna raskare enn Gidskehaugs ÅM-rekord, før han begynte å tape litt. Med 100 meter igjen hadde han halvsekundet i favør av rekordsplitten - men Wigdel hadde meir på lager.

Litt meir trykk på beinsparket og vips så var han inne på 4.01,86 - en klar ny ÅM-rekord.

Woxholts tid skapte imidlertid meir problemer for resten av feltet. Viktor Aanesen (Skjetten) var klart foran resten av heatet, men ikkje rask nok til å straffe Woxholts tid. Aanesen inn til 4.11,91 og tredjeplassen.


Resultater


1. Truls Wigdel
4.01,86
2. Markus Woxholt
4.11,69
3. Viktor Aanesen
4.11,91
4. Jens Petter Turøy
4.14,36
5. Henrik Aspegren
4.14,95
6. Heine Reime Løge
4.18,65
Resultatliste

Øvelse 7. 400m fri, jenter 1998

Natalie Kosiander (LRK) var suveren i den eldste jenteklassa.

Raffinert teknisk, og godt trent utholdenheitsmessig, ikkje uvanlig for svømmarar frå hennar klubb. Med 4.22,70 forbedrar ho påmeldt tid med 1,3 sekunder og var langt foran resten av feltet.

Den meste spennande duellen stod om bronsen, for Hanne Reime frå Bryne hadde full kontroll på den med 4.27,88.

Linn Sofie Hansen (Øvre Eiker) var best ute og hadde los på Reime tidlig, mens Delfanas Maria Voldsund låg eit lite stykke bak. Begge to måtte også inn under Marthe Østlyngen Dahlans tid i det nest siste heatet (4.34,19) for å komme på pallen på øvelsen.

Voldsund var den som hadde mest å gå på då det gjaldt mot slutten av distansen og tok til slutt tredjeplassen ganske greit med 4.31,38, to sekunder foran Hansen.

Resultater


1. Natalie Kosiander
4.22,70
2. Hanne Reime
4.27,88
3. Maria Voldsund
4.31,38
4. Linn Sofie Hansen
4.33,04
5. Marthe Østlyngen Dalan
4.34,19
6. Inger-Ane Sætra Schefte
4.35,37
Resultatliste

Øvelse 8. 400m fri, gutter 1998

Eivind Bjelland (Haugesund) fullstendig suveren i den eldste guteklassa, og underteikna trur det kan vere synd for han at det ikkje er etablert nokre ÅM-rekordar i den eldste klassa.

3.57,51 er fire skundar bedre enn Erik Årsland Gidskehaugs vinnartid frå fjoråret, og elleve sekunder betre enn kva han sjølv hadde då han vant for 1998-gutane i Fauske i fjor.

Det er meget gode tal for Haugesund-guten, som både ser større, sterkare og bedre trent ut enn nokon gong.

Bak han var det litt jamnare mellom nummer to og tre, men Martin Ross Hemminghyth (OI) tok til slutt eit vesentlig lengre strå enn Håkon-Bjørge Nilsen Gårseth (Bodø).


Resultater


1. Eivind Bjelland
3.57,51
2. Martin Ross Hemminghyth
4.12,74
3. Håkon-Bjørge Nilsen Gårseth
4.14,20
4. Gustav Mathingsdal Pedersen
4.19,44
5. Andreas Johnsen
4.19,82
6. Jan Fredrik Halvorsen
4.20,36
Resultatliste

Oppsummering

Totalt fire ÅM-rekordar under første øving, 400 meter fri, som såg til dels store forbedringar over heile linja.

J13: Astrid Julie Halvorsen, Skjetten, 4.31,33
G13: Adam Fedorczak, OI, 4.24,02

J15: Marte Løvberg, Lambertseter, 4.17,16
G15: Truls Wigdel, Madla, 4.01,86

400 meter fri er også ei øving som tradisjonelt har gitt ein relativt stor andel av poenga til utøvarane, så dei som var foran her har lagt seg eit godt grunnlag til resten av stevnet.

Kven som leiar kan du sjå ved å sjekke resultatlistene ved sidan av løpsomtalene.