FORHÅNDSOMTALE

LØPSOMTALE

PÅ KANTEN

LIVETIMING

RESULTATER

WEB-TV


Dag 4 - Forsøk

Den siste dagen

Øvelse 36. 400m medley, herrer - før siste heat

Henrik Wathne er i fin utvikling og ein fire sekunders personlig rekord i det nest siste heatet på 400 meter medley gjev han leiinga før finaleheatet i ettermiddag.

Fem stykker er påmeldt med bedre tid, så det skal vel litt til at det held til medalje, men uansett ein fin prestasjon av Bærumsvømmeren.

Halvor Arne Borgstrøm er best i UM-klassa med 4.41,31, og med berre to UM-svømmarar i finalen er han sikra minst bronse - men det kan også bli ein edlare valør, så Randaberg-svømmaren må smøre seg med tålmodighet og følge spent med på finalen.



Startliste


1. Henrik Christiansen
4.22,29
2. Sander Andersen
4.29,28
3. Morten Bordevich
4.31,18
4. Erik Årsland Gidskehaug
4.34,41
5. Ole Martin Bjørlykke
4.34,74
6. Ole-Mikal Fløgstad
4.42,08
Startliste


Øvelse 37. 4*50m fri, damer - UM

Asker med fullt hus i jentestafettane på UM-sida etter at dei også vinner 4x50 meter fri.

Lørenskog/Rælingen leda etter første etappe, men derifrå og ut var det heimelaget som leda. På jentesida har Asker vore heilt suverene i stafettsamanheng, ikkje berre på UM-nivå. Åtte av ni stafettar så langt har gått i deira favør.

I kveld gjenstår juniorfinalen.

Lambertseter var berre fire hundredeler etter Asker ved siste veksling, og sikra sølvet utan nevneverdige problem. Lørenskog/Rælingen slo inn som nummer tre, men blei diska for overveksling og dermed rykka Vestkantsvømmerne opp på bronsemedaljen.


Startliste


1. Asker SK J1 jr.
1.50,68
2. Løren/Rælingen J1 jr.
1.52,33
3. Bergensv. J1 jr.
1.52,59
4. Vestkantsv. J1 jr.
1.52,94
5. Lambertseter SK J1 jr.
1.53,69
6. Bærumsv J1 jr.
1.54,11
7. Stavanger SC J1 jr.
1.55,75
8. Vågsbygd SLK J1 jr.
1.55,86
Startliste


Øvelse 38. 200m fri, herrer

26,20-28,29-28,44-28,02.

Marius Solaat Rødlands løpsopplegg er så godt som lærebokmateriale på 200 meter fri, og sikra han også UM-gullet i suveren stil. Rødlands sjuande i rekka.

For Ole-Mikal Fløgstad blei det ein kamp mot Erik Årsland Gidskehaug om sølvet, men det sekundet han hadde i forsprang etter 150 meter blei for mykje for ein godt avsluttande Gidskehaug å hente inn.

Fint nivå inn til finale på 200 meter fri, der Jonas Ødegaard Aanby må ta til takke med førstereservestatus etter 1.53,55 - fem hundredelar for seint ute, til ein plass Fløgstad kapra.

Ny norsk rekord på 200 meter fri for funksjonshemma i klasse S7. 2.39,03 for Andreas Bjørnstad var 115% av verdsrekorden og ein suveren siger for an Adam Ismael Wenham og en uheldig Marcus Haus som fikk brillene fulle av vatn.


Resultater


UM
1. Marius Solaat Rødland
1.50,95
2. Ole-Mikal Fløgstad
1.53,50
3. Erik Årsland Gidskehaug
1.53,93

Funksjonshemmede
1. Andreas Bjørnstad
2.39,03
2. Adam Ismael Wenham
2.28,15
3. Marcus Haus
2.42,68
Resultatliste

Finalister


1. Marius Solaat Rødland
1.50,95
2. Peter Arnet
1.51,19
3. Henrik Christiansen
1.52,24
4. Per Morten Halvorsen
1.52,32
5. Eirik Nielsen
1.53,40
6. Ole-Mikal Fløgstad
1.53,50
Reserver
7. Jonas Ødegård Aanby
1.53,55
8. Erik Tobias Sollesnes
1.53,59

Øvelse 39. 200m butterfly, damer

Hanna Louise Berges 1.07 på dei første 100 meterane var kanskje i overkant optimistisk, og allerede opp mot 150 meter sleit Berge med å få armane over vatn.

Ein siste 50 på 44 sekunder forteller historia om ei jente som verkelig fekk smake melkesyra, etter verkelig å ha satsa tøft.

Emilie Olsen Bakke frå Asker hadde eit bedre løpsopplegg og kapitaliserte på Berges sure armar. Sjølv om det var Celia Lie Storstad som hadde den beste avslutninga kunne Olsen Bakke strekke armane i været som ungdomsester etterpå.

Rebecca Grindland Ege avslutta også sterkt, kom seg forbi Berge - men enda viktigare: Camilla Rimmereides tid frå to heat tidlegare blei slått med eit hundredel av Vågsbygdjenta som dermed sikra seg bronsemedaljen.

Dette blir ein finale som blir eit reint junioroppgjer mellom Klara Farkas er storfavoritt, men bak ho blir det ei tøff batalje mellom Amalie Thorstensen, Andrea Hestdal og Elin Haugland.


Resultater


UM
1. Emilie Olsen Bakke
2.24,94
2. Celia Lie Storstad
2.25,49
3. Rebecca Grindland Ege
2.29,38
Resultatliste

Finalister


1. Klara Farkas
2.17,77
2. Andrea Hestdal
2.21,03
3. Amalie Thorstensen
2.22,40
4. Elin Haugland
2.22,75
5. Hege Stærli
2.24,31
6. Emilie Olsen Bakke
2.24,94
Reserver
7. Ina Andersen Steinsland
2.25,26
8. Celia Lie Storstad
2.25,49

Øvelse 40. 100m rygg, herrer

Eirik Frestad var ikkje snauare enn at han utfordra Marius Solaat Rødland første 25.

UM-kongen ville sjølvsagt ikkje ha noko av det, og opp mot 50 hadde han sikra seg eit trygt forsprang som han bere økte gjennom godt undervassarbeid og solid svømming i resten av heatet.

Frestad gikk godt under minuttet då han sikra seg sølvet, mens Andre Rognaldsen kom inn frå bassengkanten og lurte finalist Eirik Helgaker for den siste medaljen.

Rognaldsen tid frå nest siste heat var nemlig åtte hundredelar bedre enn det Helgaker presterte i heatet etter.

Armin Porobic kan nok ein gong få ei utfordring av Marius Solaat Rødland som noko overraskande slo Lambertseter-svømmaren på 50 meteren i juniorfinalen. Ein finale som det blir spanande å følge med på i kveld.

Marcus Haus eide feltet for funksjonshemma og vant i det vi trygt kan kalle einsom majestet på ny personlig rekord.

Resultater


Junior
1. Armin Porobic
55,27
2. Henrik Søfteland
58,17
3. Daniel Sandhåland
58,32
4. Henrik Wathne
58,67
5. Fridtjof Bache Hungnes
59,65
6. Christian Tang Christiansen
59,72

UM
1. Marius Solaat Rødland
56,76
2. Eirik Frestad
58,71
3. Andre Rognaldsen
1.00,51

Funksjonshemmede
1. Marcus Haus
1.31,49
Resultatliste

Øvelse 41. 100m fri, damer

Ho har ikkje for vane å gjere det spanande, Elise Næss Olsen - og det var det heller ikkje denne gongen.

Ledelsen til 50 meter var imidlertid ikkje større enn kva ein forventa. Det kunne nesten sjå ut som Asker-jenta ikkje ga full pinne i denne finalen, og at det derfor såg jevnare ut enn ein hadde trudd. Underteikna spår eit heilt anna tempo i kveld.

Sigeren var imidlertid aldri trua. Nathalie Kosiander var nærast vinnaren i starten og utover i løpet, mens Marte Løvberg disponerte løpet bra og på siste 25 svømte ho forbi LRK-jenta og sikra sølvet.

I fjorårets utgåve av junior-NM var det berre tre svømmarar under 58 sekunder på formiddagen av 100 meter fri. Det inkluderte Susann Bjørnsen som no er vekk, men nivået har flytta seg.

To svømmarar under 58 sekunder kom slett ikkje med i finalefeltet, blant dei Løvberg.



Resultater


UM
1. Elise Næss Olsen
56,51
2. Marte Løvberg
57,94
3. Natalie Kosiander
58,12

Funksjonshemmede
1. Marte Heggertveit
1.13,01
2. Ingvild Bye
1.15,82
3. Sara Josefine Hanssen
1.49,04
Resultatliste

Finalister


1. Elise Næss Olsen
56,51
2. Maria Thompson Clausen
56,87
3. Emilie Nyenget Løvberg
56,96
4. Stine Lise Stenseth
57,46
5. Veronica Orheim Bjørlykke
57,50
6. Amalie Kristiansen
57,76
Reserver
7. Marte Løvberg
57,94
8. Rikke Nagell-Kleven
57,98

Øvelse 42. 50m fri, herrer

Det å ikkje svømme i siste heatet på 50 meter fri, men likevel ta medalje kan nok kallast ein skrell.

Eirik Frestad forbedra si påmeldte tid med over eit sekundet - og sikra med det bronsen med berre nokre hundredelar ned til Ole-Mikal Fløgstad.

Gullet var det aldri tvil om. Marius Solaat Rødland har svømt fortare før, men har små problemer med å sikre seg nok eit UM-gull.

Lars-Kristian Gotaas Bjørkbom forbedra påmeldt tid med halvsekundet og var, i denne samanhengen, suveren sølvmedaljevinnar.

Maktdemonstrasjon av Niksa Stojkovski i formiddagstimane, med 22,36. Det er halvsekundet foran nest bestemann. Mykje av grunnarbeidet leggast i eit overlegent stup og ei overlegen linje kontra resten av konkurrentane.

Håkon Wulf Haugen med fin personlig rekord på 22,84 i forsøket, to tidelar over norsk juniorrekord. Christian Tronvoll har nok meir i tanken enn han ga uttrykk for i forsøket - men neppe nok til å utfordre Stojkovski.


Resultater


UM
1. Marius Solaat Rødland
23,18
2. Lars-Kristian Gotaas Bjørkbom
24,12
3. Eirik Frestad
24,30
Resultatliste

Finalister


1. Niksja Stojkovski
22,36
2. Håkon Wulf Haugen
22,84
3. Marius Solaat Rødland
23,18
4. Peter Arnet
23,19
5. Christian Tronvoll
23,29
6. Alexander Marki Mork
23,81
Reserver
7. Grunde Myhrer
24,04
8. Johan Parker Nygaard
24,07

Øvelse 43. 100m bryst, damer

Sofie Reisænen har vunne både 50 og 200 meter bryst i UM-klassa - foran Silje Mikkelborg.

Derfor var løpsutviklinga på 100 meteren noko overraskande. Mikkelborg hadde tydelig bestemt seg, og etter 50 meter hadde Skjetten-svømmaren fire tidelars margin ned til erkerivalen.

Ho hadde tydelig også fått med seg at den tredje 25-meteren er kanskje den viktigaste på ein hundremeter og auka ledelsen.

Då var det meste avgjort, og Mikkelborg tok ein suveren seier på ei sterk tid berre 1,17 bak Anne-Mari Gulbrandsens norske juniorrekord som har stått i 13 år. Med normal utvikling bør denne stå i fare i løpet av det komande året...

Stina Karlsen Heimnes slo Ariel Braathen med tre hundredelar av eit sekund og sikra at Bergensvømmerne tok den bronsemedaljen for BSC.

Mikkelborg har gjort seg sjølv til favoritt på øvinga, med Elida Hole og Sofie Reisænen som dei nærmaste utfordrarane.

Resultater


UM
1. Silje Mikkelborg
1.09,34
2. Sofie Reisænen
1.10,78
3. Stina Karlsen Heimnes
1.13,44

Funksjonshemmede
1. Mina Marie Heyerdahl Klausen
1.52,85
2. Ingvild Bye
1.39,39
3. Sara Josefine Hanssen
2.17,46
Resultatliste

Finalister


1. Silje Mikkelborg
1.09,34
2. Sofie Reisænen
1.10,78
3. Elida Hole
1.10,80
4. Ingalill Urrang Naustvik
1.11,97
5. Patricia Baay Kristoffersen
1.13,28
6. Stina Karlsen Heimnes
1.13,44
Reserver
7. Ariel Braathen
1.13,47
8. Birgitte Elise Søfteland
1.13,61

Øvelse 44. 100m individuell medley, herrer

Mads Henry Steinland mestrar den viktigaste delen av medley, brystsvømminga, veldig godt. Når han då i tillegg er misnt på høgde med dei andre også på butterfly, rygg og crawl blir det ein grei ferd mot UM-gull for Bærumsvømmeren.

Ytterligare to UM-svømmarar kom seg under to minutter, og Halvor Arne Borgstrøm var best av desse.

Eirik Helgaker tok tilbake bronsen han "mista" på 100 meter rygg til stor glede for OI-gjengen.

Spørsmålet til juniorfinalen i kveld er om Armin Porobics brystsvømming er god nok til at han kan vinne 100 meter medley? Han var foran Eirik Nielsen etter halvsvømt distanse i forsøket, men bak i mål. Uten at det er bevis på noko ting som helst.

Andreas Bjørnstad vant i klassa for funksjonshemma i eit heat der begge satte personlige rekordar.

Resultater


UM
1. Mads Henry Steinland
58,44
2. Halvor Arne Borgstrøm
59,35
3. Eirik Helgaker
59,57

Funksjonshemmede
1. Andreas Bjørnstad
1.28,05
2. Marcus Haus
1.23,60
Resultatliste

Finalister


1. Eirik Nielsen
56,60
2. Armin Porobic
56,92
3. Mads Henry Steinland
58,44
4. Johannes Aagaard-Nilsen Wiik
58,64
5. Halvor Arne Borgstrøm
59,35
6. Eirik Helgaker
59,57
Reserver
7. Bjørn Eikanger Hanssen
59,70
8. Andreas Manum Hagby
59,78

Øvelse 45. 1500m fri, damer - før siste heat

Celia Lie Storstad og Silje Mari Bjørlykke visste nok at det var ein UM-medalje dei kjempa om på 1500 meter fri då dei svømte side om side dei siste hundre meterane av det siste forsøksheatet.

Resultatet var ein duell som ikkje står tilbake for dei mest tette og spennande så langt i mesterskapet.

Etter 1200 meter passerte Storstad Bjørlykke og såg ut til å ta over initativet.

Bjørlykke har imidlertid det same instinktet som sine eldre søsken, og leverte ein siste 25 som Celia Lie Storstad ikkje kunne svare på. Til slutt skilde det berre 14 hundredelar i favør av Aalesund-svømmaren, som dermed er sikra minst bronsemedalje.

I det siste og avgjerande heatet er det nemlig berre to UM-svømmarar, og dei skal svømme bra for å holde desse frå livet.

Startliste


1. Eline Mathilde Swensen
17.09,16
2. Oda Gjerde
17.14,44
3. Majken Smith
17.19,93
4. Ellen Camilla Hansen
17.30,41
5. Sofie Forsstrøm
17.34,34
6. Stine Lise Stenseth
17.40,82
Startliste


Øvelse 46. 4*100m lag medley, herrer - UM

Mads Henry Steinlands knockout på brystdelen av 4x100 meter medley ga Bærumsvømmerne ein ledelse dei ikkje hadde tenkt å gi frå seg under nokon omstendigheiter.

2,8 sekunder var seiersmarginen til slutt, mens den potensielt spennande duellen mellom OI og Madla blei avgjort av sistnevntes Johannes Kalbohm Wathne som kun ga frå seg 0,7 sekunder til OIs William Stey Hjertaker.

Dermed vant Bærumsvømmerne den siste UM-stafetten på guttesida i dette mesterskapet.


Startliste


1. Oslo IL G1 jr.
4.11,43
2. Bærumsv G2 jr.
4.12,29
3. Madla SK G1 jr.
4.12,82
4. Aalesund SLK G1 jr.
4.14,24
5. Skjetten Svømming G1 jr.
4.16,64
6. Kristiansand SA G1 jr.
4.18,79
7. Asker SK G1 jr.
4.19,28
8. Haldens SK G1 jr.
4.22,87
Startliste