FORHÅNDSOMTALE

LØPSOMTALE

PÅ KANTEN

LIVETIMING

RESULTATER

WEB-TV


Dag 3 - Forsøk

Velkomen til dag tre!

Øvelse 25. 400m medley, damer - før siste heat

Frå ytterbana tok Vågsbygds Ina Andersen Steinsland innersvingen på resten av det beste heatet av morgonens 400 meter medley.

Med seks svømmarar igjen er 96-modellens 5.08,67 ei klar leiartid, og når du er påmeld på 5.20 så er det ei forbedring å gledes over.

Lambertseters Celia Lie Storstad tok andreplassen i heatet med ei sterk avslutning på crawl-delen ogmen leiar likevel ikkje UM-klassa. Det gjer Helene Andersen som i nest siste heat svømte på 4.13.



Startliste


1. Amalie Thorstensen
4.56,18
2. Klara Farkas
4.56,86
3. Sofie Reisænen
5.02,62
4. Elin Haugland
5.03,06
5. Oda Gjerde
5.04,97
6. Ellen Camilla Hansen
5.08,73
Startliste


Øvelse 26. 4*50m fri, herrer - UM

Bærumsvømmerne har gjort det for vane å true det siste heatet i UM-klassa gjennom store forbedringar frå påmeld tid i stafettane.

Frå det første av tre heat hadde bæringane satt standarden med finfine 1.40,26 - det var to sekunder bedre enn noko laga i det andre heatet kunne skilte med.

For Matias Gulestøl var det den tida som var målestokken, då han svømte sisteetappa på fine 25,01 - og sikra bronsemedaljen til Aalesund.

Dei var imidlertid litt for langt bak KSA og OI som jaga gullmedaljen. Dei gule hettene frå Sørlandet hadde overtaket, og sjølv om dei blå frå Oslo nærma seg bakfrå klarte dei aldri å kome heilt i kapp med KSA. Simen Halse Larsen hadde full kontroll og nytt UM-gull til sørlandet.


Resultater


UM
1. Kristiansand SA G1 jr.
1.37,79
2. Oslo IL G1 jr.
1.38,53
3. Aalesund SLK G1 jr.
1.39,50
4. Bærumsv G1 jr.
1.40,26
5. Madla SK G1 jr.
1.41,95
6. Haldens SK G1 jr.
1.42,06
Resultatliste

Øvelse 27. 200m fri, damer

Påmeldt med 2.09, men med 1.58,9 i bagasjen frå 4x200 meter fri frå torsdag måtte Elise Næss Olsen fint finne seg i favorittstempelet - trass i at ho ikkje svømte i finaleheatet i UM-klassa.

Eit veldisponert løp (28,5-31,7-31,0-30,1) seinare hadde ho svømt inn til 2.01,49 - ei tid som ein ikkje-pessimistisk speaker Frank Pedersen meinte det skulle mykje til for finaleheatet å straffe.

Det fekk han også rett i.

Marte Løvberg låg an til ei tid på 2.03-talet med 50 meter igjen, men fekk det litt tøft på slutten og kom inn til 2.04,75. Det er personlig rekord og nok til sølvmedaljen foran Nina-Therese Storstein.

Løvberg har imidlertid to år igjen som UM-svømmar.

Dersom nokon av juniorane skal tukte Elise Næss Olsen i finalen i kveld må det vere Veronica Bjørlykke. Aalesund-jenta svømte 2.00 på sin 200 meter-etappe på stafetten tidlegare i stevnet.

Marte Heggertveit tok eit nytt gull i klassa for funksjonshemma - ni prosent bedre enn Ragna Forså.


Resultater


UM
1. Elise Næss Olsen
2.01,49
2. Marte Løvberg
2.04,75
3. Nina-Therese Storstein
2.05,90

Funksjonshemmede
1. Marte Heggertveit
2.36,53
2. Ragna Forså
2.48,73
Resultatliste

Finalister


1. Elise Næss Olsen
2.01,49
2. Veronica Orheim Bjørlykke
2.03,81
3. Klara Farkas
2.04,52
4. Marte Løvberg
2.04,75
5. Pernille Berntsen
2.05,10
6. Maria Thompson Clausen
2.05,38
Reserver
7. Stine Lise Stenseth
2.05,54
8. Nina-Therese Storstein
2.05,90

Øvelse 28. 200m butterfly, herrer

Marius Solaat Rødland er ikkje mest kjend for sine mellomdistanse butterfly-eigenskaper, men med overlegen teknikk kjem ein langt.

Vestkantsvømmeren tok tidleg ei solid og klar leiing, og han såg ut som ein klar vinnar opp mot 150 meter. Til 175 hadde det imidlertid skjedd noko. Taka vart kortare og med mindre kraft.

Bakfrå nærma Truls Wigdel seg styggfort og ei lita stund såg det ut som 99-modellen skulle ta sin første UM-tittel. Rødland tok seg saman, leverte eit godt undervassarbeid - og holdt unna med seks tidels margin.

Med 50 meter igjen var differansen 2,3 sekund, så det var ikkje mange meterane til så hadde Wigdel slått først inn.

200 meter butterfly er nok i utgongspunktet litt langt etter Sander Sivertsens muskulatur sine preferanser, men BSC-svømmaren er likevel best i forsøket med ei fin tid på 2.06-talet.



Resultater


UM
1. Marius Solaat Rødland
2.10,08
2. Truls Wigdel
2.10,68
3. Halvor Arne Borgstrøm
2.13,50
Resultatliste

Finalister


1. Sander Sivertsen
2.06,30
2. Jakob Bernstein
2.08,04
3. Sander Andersen
2.08,33
4. Morten Bordevich
2.08,51
5. Marius Solaat Rødland
2.10,08
6. Håkon P. Ludvigsen
2.10,10
Reserver
7. Truls Wigdel
2.10,68
8. Henrik Søfteland
2.10,69

Øvelse 29. 100m rygg, damer

Karianne Reinertsen var best i gong første 25, men til vending halvvegs hadde Sofie Reisænen tatt over leiinga.

Brystsvømmingsspesialisten som også er ein framifrå medleysvømmar og meget god ryggsvømmar. Ho drog frå resten av feltet og var suveren i finaleheatet.

Den næraste var likevel Inger-Ane Sætra Schefte, som svømte i heatet før. 44 hundredelar skilte det i favør av Reisænen, mens Maria Voldsund som var nest best finalen over sekundet bak Reisænen kunne glede seg over bronsemedalje.

Mina-Marie Heyerdahl Klaussen levert ein av dei beste prestasjonane for funksjonshemma så langt i stevnet då ho slo inn på 1.32,97 på 100 meter rygg.

Det var 113,98 % av verdsrekorden. Kun Adam Ismael Wenhams 200 meter medley har vore bedre med 112,38%.

Ingen Elise Næss Olsen på start i øvinga, det betyr at Veronica Bjørlykke nok relativt greit kan sikre seg eit nytt gull i samlinga i kveld.

Resultater


UM
1. Sofie Reisænen
1.05,24
2. Inger-Ane Sætra Schefte
1.05,68
3. Maria Voldsund
1.06,52

Funksjonshemmede
1. Mina Marie Heyerdahl Klausen
1.32,97
2. Ragna Forså
1.25,35
3. Sara Josefine Hanssen
1.46,16
Resultatliste

Finalister


1. Veronica Orheim Bjørlykke
1.01,94
2. Karoline Steffensen
1.03,95
3. Ina Kvenshagen Gimse
1.04,02
4. Grethe Tenden
1.04,57
5. Sofie Reisænen
1.05,24
6. Inger-Ane Sætra Schefte
1.05,68
Reserver
7. Vilde Tengesdal
1.05,80
8. Marte Stamland
1.06,05

Øvelse 30. 100m fri, herrer

Det er mykje å hente på detaljane for Marius Solaat Rødland i form av pusting i og rundt vendingar, men når han kan legge ned hovudet dei siste 15 meterane og storme inn til 50,28 viser han kvifor han er blant europas beste juniorar på 100 meter fri.

I dette feltet var han heilt suveren og vant med nesten to sekunder til Ole-Mikal Fløgstad som held fram med si strålande utvikling. Sigurd Holten Bøen har prestert bedre før, men tar likevel bronsen her.

To Lambertseter-gutar ser ut til å gjere opp om sigeren her i kveld. Både Niksa Stojkovski og Peter Arnet under 50 sekunder i forsøket - uten å bli pressa mot slutten. Det kan bli interessant å sjå ein siste 25 meter der dei to duellerar i kveld - med UM-mester Marius Solaat Rødland.

51,39 krevdes for å nå finalen denne gongen, eit meget godt nivå for eit norsk juniormeisterskap. Ti år tilbake så var det i medaljekampen på senior-NM.

1.03,56 for Adam Ismael Wenham - og nok ein norsk rekord til NMs største rekordsankar. Med den tida var han også suveren prosentmessig og tok eit klart gull.


Resultater


UM
1. Marius Solaat Rødland
50,28
2. Ole-Mikal Fløgstad
52,18
3. Sigurd Holten Bøen
53,20

Funksjonshemmede
1. Adam Ismael Wenham
1.03,56
2. Andreas Bjørnstad
1.16,26
3. Marcus Haus
1.12,22
Resultatliste

Finalister


1. Peter Arnet
49,93
2. Niksja Stojkovski
49,99
3. Marius Solaat Rødland
50,28
4. Christian Tronvoll
50,55
5. Eirik Nielsen
50,94
6. Håkon Wulf Haugen
51,39
Reserver
7. Per Morten Halvorsen
51,67
8. Ole-Mikal Fløgstad
52,18

Øvelse 31. 50m fri, damer

Det er ikkje så mykje som skiller Elise Næss Olsen og Marte Løvberg i svømmehastigheit, men i undervassarbeidet er Asker-jenta Lambertseter-svømmeren overlegen.

Kanskje ikkje så rart med to treningsår ekstra i kroppen.

Det medførte i alle fall til ein klar favorittsiger på 50 meter fri med den einaste tida under 26 sekunder. Ingelin Lima sørget sågar for at det blei to Asker-svømmarar på pallen i UM-klassa.

Storfavoritt til gullet i juniorfinalen er Elise Næss Olsen, mens sølvkampen fort kan bli en kusineduell mellom Marte og Emilie Løvberg. Spanande også å sjå om Veronica Bjørlykke, Amalie Kristensen eller Pernille Berntsen kan overraske med å blande seg inn.

På ein sprintdistanse som 50 meter fri skal det ikkje mykje forbedring til før ein klatrar ein del plassar.


Resultater


UM
1. Elise Næss Olsen
25,74
2. Marte Løvberg
26,52
3. Ingelin Lima
26,89
Resultatliste

Finalister


1. Elise Næss Olsen
25,74
2. Emilie Nyenget Løvberg
26,37
3. Marte Løvberg
26,52
4. Veronica Orheim Bjørlykke
26,67
5. Amalie Kristiansen
26,68
6. Pernille Berntsen
26,80
Reserver
7. Maria Thompson Clausen
26,81
8. Elida Hole
26,82

Øvelse 32. 100m bryst, herrer

Eirik Helgaker, påmeldt på 1.10 gjorde 1.06,47 i heatet før finalen og satte med det press på store delar av finaleheatet.

Mads Henry Steinland beholdt nok roen, og Bærumsvømmeren var i realiten aldri trua av den tida - eller nokon andre i sin jakt på UM-tittelen. Fire tidelars leiing ved passering 50 meter var blitt 2,5 sekund i mål.

Bak han blei det ein hundredelsstrid for å vinne sølvet, både mellom finalistane Fardal og Bunæs, samt Helgaker i heatet foran.

Bunæs avslutta sterkast i finalefeltet, men Fardal klarte å holde seg fem hundredelar foran. Halden-svømmaren reiste imidlertid ikkje avgårde utan medalje. 10 hundredelar var i hans favør mot Helgaker som måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen.

Markus Vindenes har eit klart favorittstempel før finalen, ettersom Jørgen Scheie Bråthen ikkje ser ut til å ha fjorårsformen inne. Spørsmålet er kva Mads Henry Steinland har igjen i tanken?

Adam Ismael Wenham måtte ta til takke med sølv i klassen for funksjonshemma denne gongen. Drammens Andreas Bjørnstad tok innersvingen på Tromsø-guten med to prosent bedre prestasjon - og ein norsk rekord i si klasse.


Resultater


UM
1. Mads Henry Steinland
1.03,84
2. Thomas A Fardal
1.06,32
3. Ole Marius Bunæs
1.06,37

Funksjonshemmede
1. Andreas Bjørnstad
1.35,74
2. Adam Ismael Wenham
1.21,34
3. Eirik Karlsen Sætra
1.56,04
Resultatliste

Finalister


1. Markus Vindenes
1.02,95
2. Mads Henry Steinland
1.03,84
3. Andreas Manum Hagby
1.04,08
4. Johannes Aagaard-Nilsen Wiik
1.04,97
5. Berend de Waal
1.05,19
6. Jørgen Scheie Bråthen
1.05,29
Reserver
7. Jarl André Bergsvenkerud
1.05,58
8. Sindre Aasland Ranaweera
1.05,64

Øvelse 33. 100m individuell medley, damer

Sofie Reisænen er ustoppelig i UM. På 100 meter medley sikra ho seg sitt femte UM-gull.

1.03,97 var personlig rekord med nesten eit sekund, og som vanlig skjønte du kor det bar då ho leia allerede etter ryggdelen av medleyen.

På bryst økte ho forspranget og avgjorde distansen. Ingrid Svan Kjær og Silje Mikkelborg fulgte på plassane deretter.

På juniorsida var det ingen som utmerka seg nevneverdig, og dermed ligger alt til rette for ein ny juniortittel til Vågsbygd-jenta.

13 år gamle Ingvild Bye vant 100 meter medley for funksjonshemma. Dei 21 prosenta som gjenstår til verdsrekorden bør vere mulig å ta igjen i løpet av dei komande åra, dersom Kolbotn-jenta velger å gjere jobben.


Resultater


UM
1. Sofie Reisænen
1.03,97
2. Ingrid Svan Kjær
1.05,52
3. Silje Mikkelborg
1.06,24

Funksjonshemmede
1. Ingvild Bye
1.26,69
2. Sara Josefine Hanssen
1.58,17
Resultatliste

Finalister


1. Sofie Reisænen
1.03,97
2. Ingrid Svan Kjær
1.05,52
3. Amalie Kristiansen
1.05,65
4. Rikke Nagell-Kleven
1.05,74
5. Vilde Tengesdal
1.05,76
6. Elida Hole
1.05,97
Reserver
7. Silje Mikkelborg
1.06,24
8. Birgitte Elise Søfteland
1.06,28

Øvelse 34. 1500m fri, herrer - før siste heat

Christoffer Solberg Jørgensen best før finaleheatet på fine 16.09,15, men den største forbedringa var det utvilsomt Jonas Hagmansen som stod for.

Speed-guten forbedra si påmeldte tid frå 17.08,64 til 48 sekunder bedre 16.20,06. Den påmeldte tida var rett nok ei langbanetid frå NM i sommar, men uansett imponerande av 97-modellen som ledar UM-klassa og er sikra minst bronsemedalje.

Henrik Christiansen naturlig favoritt, mens Ole Martin Bjørlykke nok ønsker å komme nærmest mulig langdistansekongen.

Startliste


1. Henrik Christiansen
15.02,11
2. Ole Martin Bjørlykke
15.25,04
3. Erik Årsland Gidskehaug
15.40,82
4. Tim Samuelsen
15.47,88
5. Jørgen Gundersen
15.51,97
6. Jonas Ødegård Aanby
16.02,44
Startliste


Øvelse 35. 4*100m lag medley, damer - UM

Fire lag innanfor sekundet etter den innledande ryggetappen, men når eit av desse er Vågsbygd så vvar det snudd til Kristiansands-laget to sekunder foran resten etter to etapper.

Bak var Lambertseter og Bergensvømmerne tett, med Asker ikkje langt bak.

Det svingar ein del på medley-stafett, og Asker har ikkje vunne alle jentestafettar så langt uten grunn. Etter Elise Næss Olsens butterfly-etappe var Asker i klar ledelse, ein ledelse Alexandre Røys Stranden beholdt heile sin etappe - sjølv om Lambertseter nærma seg noko.

Karianne Reinertsen leverte ei sisteetappe under minuttet og sikra Bergensvømmerne bronsen, nokre tidelar foran Vågsbygd.


Resultater


UM
1. Asker SK J1 jr.
4.21,51
2. Lambertseter SK J1 jr.
4.23,80
3. Bergensv. J1 jr.
4.27,27
4. Vågsbygd SLK J1 jr.
4.27,68
5. Asker SK J2 jr.
4.29,35
6. Lambertseter SK J2 jr.
4.30,65
Resultatliste