FORHÅNDSOMTALE

LØPSOMTALE

PÅ KANTEN

LIVETIMING

RESULTATER

WEB-TV


Dag 2 - Forsøk

Jakten på medaljene fortsetter...

Øvelse 13. 4*50m lag medley, herrer - UM

Bærumsvømmerne la listen høyt i det første av to heat på 4x50 meter medley i UM-klassen.

1.50,37 skulle vise seg å bli vanskelig å straffe for finaleheatet. Så vanskelig at heile Bærumsvømmerne stod spent og fulgte med på bassengkanten, for ein visste det kom til å bli tett.

Tre lag stupte ut i bassenget med 0,22 i mellom seg, men med over sekundet å hente på BSVs tid frå heatet før.

Hakeem Teland hadde dog bestemt seg for at dei siste skulle bli dei første. KSA-svømmeren svømte etappen sin på 23,78 - nest beste tid av samtlige på stafetten kun slått av Aalesunds Sigurd Holten Bøen. Ein strålande prestasjon som sikra svømmealliansen gullet.

Oslo IL slo inn som nummer to i finaleheatet, men tida var 18 hundredelar svakare enn Bærum si som dermed kunne glede seg over sølv.

Interessant observasjon: topp tre var i fjor BSC, Madla og Randaberg. I år: KSA, Bærumsvømmerne og OI. Det skifter fort i UM-klassene.


Resultater


UM
1. Kristiansand SA G1 jr.
1.50,22
2. Bærumsv G1 jr.
1.50,36
3. Oslo IL G1 jr.
1.50,55
4. Skjetten Svømming G1 jr.
1.51,66
5. Madla SK G1 jr.
1.52,42
6. Aalesund SLK G1 jr.
1.53,29
Resultatliste

Øvelse 14. 800m fri, damer - før siste heat

Malene M. Pedersen er best før finaleheatet med fine 9.14 på 800 meter fri, men det spørs om ikkje leiaren i UM-klassa er vel så imponerande.

Fire år yngre Silje-Mari Bjørlykke, fødd i det nye millenniet, var berre to sekunder bak Lambertseter-jenta. Den yngste av tre Bjørlykke-søsken med både treningsvilje og kvalitet.

Bjørlykkes tid kan holde til medalje i kveld - etter påmeldingstiden er 9.16,75 godt nok til tredjeplass - men her skal det svømmast først.


Startliste


1. Eline Mathilde Swensen
9.00,95
2. Oda Gjerde
9.07,21
3. Majken Smith
9.07,91
4. Ellen Camilla Hansen
9.10,89
5. Karianne Reinertsen
9.14,65
6. Sofie Forsstrøm
9.17,60
Startliste


Øvelse 15. 400m fri, herrer

Marius Solaat Rødland brukte tempoet sitt og svømte seg tidlig i leiinga på 400 meter fri, men til slutt blei det ein rein Madla-duell om seieren, sjølv om Rødland hang godt med heile vegen.

Erik Årsland Gidskehaug og Tim Samuelsen bytta på plassane frå 800 meter fri, kraftkaren frå Bryne var sterkast på den halve distansen, men dobbelt Madla blei det uansett.

Elles eit meget bra nivå på øvinga. I fjor kom ein til finale på 4.00,55 - denne gong holdt ikkje 4.00,48 til meir enn tiandeplass. Åtte svømmarar under minuttet lar seg høyre.

Henrik Christiansen er stinn i trening, men 400 meter fri vinner han nok uten for store problmer.

Andreas Bjørnstad og Marcus Haus svømte heilt jevnt i fjor, då skilte det berre 0,09 prosentpoeng mellom dei to i favør Bjørnstad, og seks sekund i favør av Haus på klokka.

Begge to har forbedra seg sidan den gongen, men drammenseren har utvikla seg mest. Dermed var det ein grei og klar seiersmargin til Bjørnstad.


Resultater


UM
1. Erik Årsland Gidskehaug
3.58,59
2. Tim Samuelsen
3.59,53
3. Marius Solaat Rødland
4.00,26

Funksjonshemmede
1. Andreas Bjørnstad
5.25,66
2. Marcus Haus
5.37,51
Resultatliste

Finalister


1. Ole Martin Bjørlykke
3.56,31
2. Henrik Christiansen
3.56,53
3. Erik Årsland Gidskehaug
3.58,59
4. Erik Tobias Sollesnes
3.58,64
5. Morten Bordevich
3.58,85
6. Tim Samuelsen
3.59,53
Reserver
7. Per Morten Halvorsen
3.59,57
8. Christian Olaussen
3.59,99

Øvelse 16. 50m bryst, damer

Sofie Reisænen fortsetter å vinne dei interne duellane med Silje Mikkelborg.

Sjølv om Vågsbygd-jenta bomma på timingen når ho kom til innslaget, noko som kan vere skjebnesvangert på 50 meter bryst, så slo ho likevel først inn.

Denne gongen var ho sju hundredelar foran det som etterkvart kan kallast ein erkerival.

I juniorfinalen vil dei få hendene fulle med å utfordre Vestkantsvømmernes Elida Hole, som var nesten halvsekundet bedre i morgontimane.

Saman med Ingalill Urrang Naustvik er det mellom desse fire at medaljane vil fordelast, antakelig.


Resultater


UM
1. Sofie Reisænen
32,44
2. Silje Mikkelborg
32,51
3. Ingrid Svan Kjær
33,14
Resultatliste

Finalister


1. Elida Hole
32,02
2. Sofie Reisænen
32,44
3. Silje Mikkelborg
32,51
4. Ingalill Urrang Naustvik
32,53
5. Tiril Fredrikke Rist Jensen
33,02
6. Ingrid Svan Kjær
33,14
Reserver
7. Marie Nygård
33,36
7. Patricia Baay Kristoffersen
33,36

Øvelse 17. 50m rygg, herrer

50-meterar er meir Marius Solaat Rødlands domene enn 400-meterar.

Ikkje lenge etter bronsen på 400 meter fri var Rødland igjen klar for UM-finale, denne gongen på 50 meter rygg. Det blei ein oppskriftsmessig siger for Vestkantsvømmeren.

Bak han er det interessant å registrere KSAs store fremganger. Eirik Frestad kom til NM med 28,32 som påmeldings - men etter strålande svømming i går og stafettsiger i dag er sjølvtilliten stadig på frammarsj. 26,92 er som eit kvantesprang å regne.

I juniorfinalen må nok begge finne seg i å spille annenfiolin etter Armin Porobic - men for Frestad er nok dette NM ein suksess allerede - så det er berre å dunke på.


Resultater


UM
1. Marius Solaat Rødland
26,05
2. Eirik Frestad
26,92
3. Eirik Helgaker
27,76
Resultatliste

Finalister


1. Armin Porobic
25,73
2. Marius Solaat Rødland
26,05
3. Eirik Frestad
26,92
4. Daniel Sandhåland
26,97
5. Christian Tang Christiansen
27,33
6. Henrik Wathne
27,34
Reserver
7. Norbert Prokopiak
27,39
7. Christian Tronvoll
27,39

Øvelse 18. 200m medley, damer

Sofie Reisænen var i suveren føring allerede etter ryggdelen av 200 meter medley - og då veit dei fleste at løpet var kjørt.

Eit tredje UM-gull i einsom majestet for Vågsbygd-jenta. I fjor blei ho nummer tre på øvinga med 2.20, i år vant ho enkelt på 2.18

Hanna Louise Berge tok sølvet, mens brystspesialisten Silje Mikkelborg svømte inn til bronsemedaljen.

Tre juniorar på 2.20-talet har nok eit visst potensial til å utfordre Reisænen i junior-finalen. Særlig Klara Farkas bør ha ein del å gå på i det som garantert blir ein spennande finale. Her bør ein ha eit forsprang på Reisænen før brystsvømminga.


Resultater


UM
1. Sofie Reisænen
2.18,16
2. Hanna Louise Berge
2.23,55
3. Silje Mikkelborg
2.24,03

Funksjonshemmede
1. Ingvild Bye
3.07,79
Resultatliste

Finalister


1. Sofie Reisænen
2.18,16
2. Klara Farkas
2.20,37
3. Maria Thompson Clausen
2.20,45
4. Andrea Hestdal
2.20,72
5. Amalie Thorstensen
2.21,34
6. Elin Haugland
2.22,24
Reserver
7. Birgitte Elise Søfteland
2.23,43
8. Hanna Louise Berge
2.23,55

Øvelse 19. 100m butterfly, herrer

Det tøffe programmet for Marius Solaat Rødland holdt på å koste han sigeren på 100 meter butterfly.

Ein opplagt Ole-Mikal Fløgstad ga Rødland kamp heilt til døra, og då Vestkantsvømmeren bomma på timingen i innslaget såg det ut som Ullensaker skulle ta gullet heim.

Slik gjekk det ikkje, mens det høgaste jubelbrølet som vanlig kom frå KSA-gjengen.

Dei sikra nemlig bronse gjennom Simen Halse Larsen store personlige forbedring.

55,21-55,27-55,42. Det er 1-2-3 på 100 meter butterfly før juniorfinalen - så her er det berre å benke seg.

Niksa Stojkovski hadde beste tid i forsøket, og han såg ut til å ha meir å gå på då han i rein Chad Le Clos-stil såg om seg siste 25 og sikra inn til siger i heatet. Så er spørsmålet kor mykje Sander Sivertsen og Eirik Nielsen har spart i tanken.


Resultater


UM
1. Marius Solaat Rødland
57,05
2. Ole-Mikal Fløgstad
57,30
3. Simen Halse Larsen
58,60

Funksjonshemmede
1. Adam Ismael Wenham
1.15,30
Resultatliste

Finalister


1. Niksja Stojkovski
55,21
2. Sander Sivertsen
55,27
3. Eirik Nielsen
55,42
4. Jakob Bernstein
55,89
5. Ole Christiansen
56,47
6. Marius Solaat Rødland
57,05
Reserver
7. Grunde Myhrer
57,16
8. Ole-Mikal Fløgstad
57,30

Øvelse 20. 200m rygg, damer

Total dominas for Nathalie Kosiander på 200 meter rygg.

Tre sekunder sigersmargin er utklassing for LRK-jenta som framleis har eit år igjen som UM-svømmar.

Det same har sølvvinnar Katrine Solberg, mens bronsevinnar Emma Sofie Augustsson er eit år yngre.

I fjor var Kosiander siste jente inn til finale med 2.21,02, i år er Solberg det same med en litt svakere tid.

Gullet går nok til Veronica Bjørlykke som nok kan vere ute etter både sin eigen juniorrekord (2.09,20) og Ingvild Snildals seniorrekord (2.08,71) i kveld.


Resultater


UM
1. Natalie Kosiander
2.18,08
2. Katrine Solberg
2.21,37
3. Emma Sofie Augustsson
2.22,61
Resultatliste

Finalister


1. Veronica Orheim Bjørlykke
2.11,46
2. Karoline Steffensen
2.15,45
3. Natalie Kosiander
2.18,08
4. Ina Kvenshagen Gimse
2.19,85
5. Grethe Tenden
2.20,20
6. Katrine Solberg
2.21,37
Reserver
7. Emma Sofie Augustsson
2.22,61
8. Toni G. Coudray
2.23,02

Øvelse 21. 200m bryst, herrer

Mads Henry Steinland var det ingenting å gjere noko med på herrenes 200 meter bryst. Brystspesialisten glei raskt og sikkert i fra resten av feltet, og sjølv med ein strålende sluttspurt av Randabergs Halvor Arne Borgstrøm var sigersmarginen så stor som 2,5 sekund.

Ein strålande sluttspurt hadde også Even Stubhaug frå Førde som i heatet før finalen hadde satt dei andre på plass og levert ei tid som skulle vise seg vanskelig å straffe.

Stubhaug tok 1,1 sekund på Ole Marius Bunæs siste 50 og viste kanskje noko av det som er fordelen med å ikkje svømme i finaleheatet - det er lettare å svømme sitt eige løp.

Asker er i ferd med å gjennomføre eit strålande meisterskap heime i Risenga og at Andreas Manum Hagby har beste tid inn til finalen på 200m bryst kan stå som eksponent for det.

LRKs Jørgen Scheie Braathen må imidlertid ta på seg favorittstempelet - et stempel han får etter å ha tatt ut akkurat det han trengte for å vinne heatet sitt og sikre seg ein finaleplass. Der vil det gå mykje fortare i finalen.



Resultater


UM
1. Mads Henry Steinland
2.22,65
2. Halvor Arne Borgstrøm
2.25,02
3. Even Stubhaug
2.26,43
Resultatliste

Finalister


1. Andreas Manum Hagby
2.21,25
2. Jørgen Scheie Bråthen
2.21,57
3. Marcus Heggtveit Løvø
2.22,33
4. Markus Vindenes
2.22,40
5. Jarl André Bergsvenkerud
2.22,61
6. Mads Henry Steinland
2.22,65
Reserver
7. Sindre Aasland Ranaweera
2.23,35
8. Per Morten Halvorsen
2.23,62

Øvelse 22. 50m butterfly, damer

Kva er det som skjer i Asker Svømmeklubb? Det er betimelig å spørre - og mykje bra er svaret!

På 50 meter butterfly vant ASK fem av dei åtte heata, og i to av dei dei ikkje vant hadde dei ikkje med nokon. Svært imponerande.

Elise Næss Olsen var sjølvsagt best av dei alle, med 27,14. Larvik-jenta Ingrid Svan Kjær tok sølv, mens Inger-Ane Sætra-Schefte tok bronsen.

Spørsmålet er om Næss Olsen kan nærme seg den norske juniorrekorden på 26,45 i kveld? Det såg vel ut som det var litt langt unna i formiddag. Emilie Løvberg ser ut til å være bra i dytten og duppar ho ned mot 27 i kveld kan det kanskje bli meir spanande i kampen om gullet enn vi kanskje hadde sett for oss?

Resultater


UM
1. Elise Næss Olsen
27,14
2. Ingrid Svan Kjær
27,81
3. Inger-Ane Sætra Schefte
28,38
Resultatliste

Finalister


1. Elise Næss Olsen
27,14
2. Emilie Nyenget Løvberg
27,73
3. Ingrid Svan Kjær
27,81
4. Rikke Nagell-Kleven
28,02
5. Patricia Baay Kristoffersen
28,20
6. Amalie Kristiansen
28,31
Reserver
7. Inger-Ane Sætra Schefte
28,38
8. Klara Farkas
28,54

Øvelse 23. 4*200m fri, herrer - UM

Når Madla vinner 4x100 meter fri med eit lag spekka av mellom- og langdistanse frispesialistar så er det vel ganske opplagt kven som skal ta seg av den doble distansen.

Erik Gidskehaug satte feltet sjakk matt på åpningsetappen.

For resten handla det om kampen mot KSA-gutta frå heatet før.

KSA-delen av tribuna er i ferd med å lette. Gledesskya dei sitt på tar snart av. Det er tydelig at Hans Jacob Stoebner og co. får betaling for arbeidet - og kanskje har Aquarama ein liten del av æra? Det skjer ting på sørlandet, det er heilt tydelig - og veldig gledelig. Eit halvt minutt bedre tid enn påmeldt var nok noko som satte ein støkk i finaleheatet før start.

Denne gongen holdt det imidlertid ikkje til meir fjerdeplass.

Både OI og Aalesund klarte å beholde forspranget dei hadde med ein etappe igjen, sjølv om sekunda gjekk fort mot slutten.


Resultater


UM
1. Madla SK G1 jr.
7.42,73
2. Oslo IL G1 jr.
7.57,61
3. Aalesund SLK G1 jr.
7.59,05
4. Kristiansand SA G1 jr.
8.00,69
5. SK Speed G1 jr.
8.10,89
6. Asker SK G1 jr.
8.19,72
Resultatliste

Øvelse 24. 4*100m fri, damer - UM

Asker og Lambertseter er dei suverene jentelaga i UM-klassa, og det var dei også på 4x100 meter fri.

Laga fulgte kvarandre som skyggar, og det skilde aldri meir enn dei seks tidelane det gjorde etter førsteetappen i favør av Asker.

Nok ein gong blei den siste etappen avgjerande. Marte Løvberg hadde ti hundredelar å gå mot Elise Næss Olsen, men i den formen Asker-jenta er no blei det litt for tøft. Næss Olsen var overlegen i vendingane, og sjølv om Løvberg har omtrent samme svømmehastighet blei det ein grei siger.

55,14 for Elise mot 56,67 for Løvberg. To kvalitetstider avslutta den stafetten, og Asker har framleis reint bord på jentestafettane.

Lørenskog/Rælingen hadde 0,8 sekunder å gå på til Vestkantsvømmerne før den siste etappen og Sara Bornø forvalta det forspranget godt og sikra bronsemedaljen.


Resultater


UM
1. Asker SK J1 jr.
3.52,44
2. Lambertseter SK J1 jr.
3.53,87
3. Løren/Rælingen J1 jr.
4.02,85
4. Vestkantsv. J1 jr.
4.03,87
5. Bergensv. J1 jr.
4.04,87
6. Bærumsv J1 jr.
4.05,34
Resultatliste